17.mai prolog

 

Det bryt og det brest i knoppar og blad.

Spira på veg ifrå mørke til dag

har kjempa seg fram gjennom tele og is

på spirers vis.

 

Slik braut det óg på då solvervet rann

for Kvitekristtrua - og kvinne og mann

fann rikare feste enn gamal tru

med grøss og gru.

 

No vart det slutt på å setja ut barn.

No vart me fri i frå blodhemnens garn.

Vikingars herjing og heidenske blot

tok slutt med bot.

 

Nyleg så feira me tusen år

for denne kristningstids første vår.

Arven frå Håkon og Olav er stor -

når han gror.

 

Det var og grunnlaget «Grunnlovens menn»

hadde i hugen då dei, om senn,

Noreg erklærte udeleleg, fritt.

Ditt og mitt.

 

Fridom og fred kom inn i vår leid.

For dette verdet var det me streid

når fiendehærar gong på gong

truga vår trong.

 

Grunnlaget bygde på menneskeverd.

Ordet fekk makt i staden for sverd.

«Folket skal styra!», det vart som ein sang.

Folkeklang.

 

Slik fekk me fridom. Slik fekk me fred.

For dette verket var det me stred.

Når fiendhærar truga vårt land.

Gang på gang.

 

Noreg fekk blomstra, falda seg ut.

Velstanden vann over fattigdoms-sut.

Vankunna veik for kunnskap og trygd,

i by og bygd.

 

---

 

Så skulle ein tru at vår takksemd var stor

at lovsong vart løfta til himmel frå jord

i takk til Han som held livet i gang

på sjø og land.

 

Men takksemd til Gud har bleikna reint bort.

Gløymer vi Gud som i smått og i stort

har signa vårt land og trufast stått med

og gjeve fred?

 

Nei,  lat oss stå vakt om vår arv og vår tru.

Gud bod gjev oss tryggleik slik at me kan bu

og leva saman som frendar i lag

- all vår dag.

---

Det vårast i Noreg. Dei gulgrøne blad

ber bod om ein sommar bak vinterdag.

Og løfter du landet i tru og i bøn.

Du får di løn.