Av Kjell Furnes

Kva ligg i uttrykket sionisme? Uttrykket vart først nytta i eit tysk tidsskrift 1. april 1890, og grunnleggeren av den moderne sionisme, Theodor Herzl, valte og nytte begrepet i sin nye rørsle for det jødiske folk. Andre hadde før han fremja synspunkt som målbar dei same tankar og idear. Den tyske jøden Moses Hess (1812 – 1875) hadde klare tankar for at: «Der er kun et sted på jorden, hvor det jødiske folk kan utvikle sin nasjonale eiendomlighet: Ved Jordans bredder.» Stor innverknad fekk også Odessa-legen Leon Pinsker med verket «Autoemancipation». Den kom som  er reaksjon på dei russiske pogromar i 1881-82.

Men det skulle bli Theodor Herzl som skulle bryte ny veg for den ekte sionismen. Herzl var ein ung jødisk journalist og skodespelforfattar frå Wien. Han vart fødd og vaks opp i ei assimilert jødisk familie i Budapest. Han hadde som mange andre stor tru på at det jødiske mindretal skulle bli fullverdige borgarar i deira respektive heimland. Men han skulle snart få erfare at det var ein illusjon.

Det var ei bestemt sak som vart ein vekkjar for Herzl. Som Pariser-korrespondent for eit Wiens dagblad dekte han i året 1894 den såkalla Dreyfus-affæra. Alfred Dreyfus var ein fransk offiser av jødisk avstamming. Han vart gjennom ei samansverjing dømd for forræderi med klare antisemittiske overtonar. Han fekk seinare oppreising, men etter Herzls død. Saka opprørte Herzl, og han kasta seg inn i kampen for eit eige land for det jødiske folk. I ein nærmast feberaktig tilstand skreiv han  sin visjon for den endelege løysinga på jødane sitt problem i boka: Der Judenstaat

(Jødestaten)  Boka er ein visjon for korleis han såg for seg oppbygginga av ein sjølvstendig jødisk stat.

Året etter at boka kom ut arrangerte han den første sionistkongress i Basel i Sveitz. Dagane var 29. - 30 august 1897. Etter ein kolossal innsats lukkast det han og samle nærmare 200 representantar  frå så godt som alle sionistiske rørsler i Europa, på tross av motstand frå ortodokse og assimilerte kretsar. Her vart Herzl skulda for å legge for einsidig vekt på politiske-diplomatiske innsats, der religiøse og kulturelle aspekt mangla. Likevel – han sette i gong eit omfattande arbeid med å besøke politikarar og regjeringar både i Europa og Midt-Austen. Endå til pave Pius  X tok han kontakt med, men har møtte han ei «kald skulder» «Vi kan ikke hindre hebreerne i å dra til Jerusalem, men vi kan aldri sanksjonere det. Hebreerne har ikke anerkjent Vår Herre, derfor kan vi ikke anerkjenne det jødiske folk» Slik argumenterte han for sitt syn.

Så dukka det det opp eit alternativ, det såkalla «Ugandaprosjektet». Det var vel England som prøvde seg med dette. Herzl var faktisk «på gli» her, då han såg det som ein mellomstasjon for seinare å kunne innta Kannan. Men dette møtte sterk motstand, og det enda med bitter strid i konggressen då det vart drøfta der. I si dagbok etter kongressen skreiv han: «Hvis jeg skulle sammenfatte Baselkongressen i få ord, som jeg vil vokte meg for å uttale offentlig – ville det være desse: I Basel grunnlagde jeg den jødiske stat. Hvis jeg hadde sagt dette høyt i dag, ville svaret bli en universell latter. Kanskje om fem år, og i hver fall om femti, vil alle gi meg rett.» Og han fekk rett her.

Theodor Herzl vart ikkje nokon gamal mann. Han sleit seg ut for ei stor sak. På dødsleie sa han til ein venn: «Hils Palestina fra meg. Jeg gav mitt hjerteblod for mitt folk.»

Dagen etter den 3. juli 1904 var det slutt, han vart 44 år.  Han hadde ikkje nådd sitt mål, men han hadde skapt eit fundament andre kunne bygge vidare på. Tusenar av venner strøymde inn frå heile verda ved gravferda hans.  6.000 menneske fylgde han til grava. I testamentet sitt hadde han teke med at hans ynskje, at han skulle bli gravlagd i ei metallkiste ved sida av far sin, «inntil den dag , da det jødiske folk overfører min kiste til Palestina.»

Hans ønske skulle bli oppfylt 45 år seinare. Du finn ei synlig og vakker grav i Jerusalem for denne kjempen for jødane sin rett til å vende tilbake til Guds arv, landet Kana`an.