Av Erene Solsvik Bruvik


Medan kristne feirar påske til minne om Jesu død og oppstode, feirar jødane påske slik Jesus sjølv og disiplane hans gjorde: Til minne om at israelsfolket vart fridd ut frå slaveriet i Egypt for meir enn 3.000 år sidan. Det måltidet som kristne kjenner som Jesu nattverdsmåltid, var i røynda eit jødisk påskemåltid.

Den første dag av den jødiske påskehøgtida, som i år vil vera 16. april, vil jødar samlast over heile jorda for det tradisjonelle påskemåltidet. Kvelden er eit av dei store høgdepunkta i den jødiske festkalenderen som barn og vaksne ser fram til med forventning.

For 3500 år sidan var jødefolket slavar i Egypt. Men etter 430 år med slaveri sendte Gud Moses for å fria ut folket. Den 14. Nissan etter den jødiske kalenderen, skulle alle jødiske familiar slakta eit lam og smørja noko av blodet på begge dørstolpane og på den øvste dørbjelken i huset sitt. Den same natta, den 15. i Nissan (i den jødiske kalenderen skiftar døgnet ved solnedgang), skulle jødane eta  lammet med usyra  brød og bitre urter. Slik skulle dei eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. «Et det i all hast! Det er påske for Herren» 2. Mos 12, 11

Medan jødane sat reiseklare i husa sine og åt, gjekk Gud gjennom landet og tok livet av alle førstefødde egyptarar. Berre der det var blod på dørstolpane, gjekk han forbi.

Til minne om utgangen av Egypt ga Gud israelittane befaling om å feira påske kvart år. Påske er på hebraisk pesach, som tyder «forbigang». Dei skulle slakta eit lam og eta det saman med usyra brød og bitre urter, og i sju dagar etter påskeafta skulle dei berre eta usyra brød. Dette skal de halda, og det skal vera ei evig ordning for deg og etterkomarane dine. Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk, skal de svara: «Det er eit påskeoffer for Herren fordi han gjekk forbi husa til israelittane i Egypt då han slo egyptarane, men sparte husa våre.» 2. Mos 12, 25-28

I nytestamentleg tid vart påska feira nøye i samsvar med slik det var skrive i 2. Mosebok. Tusenvis av jødar frå heile verda strøymde til Jerusalem for å feira påske. Jesu foreldre hadde også tradisjon for å dra opp til Jerusalem kvart år og feira påske der. Vi veit at Jesus som tolvåring var med foreldra der. (Luk. 2.41ff) I templet i Jerusalem vart det ofra påskelam.

Etter år 70, då templet vart øydelagd og brent, vart det slutt på offerkulten. Nye ritual måtte skapast, utan tempel og offerkult. Jødane åt ikkje lenger lam til påske. I våre dagar et dei heller ikkje lam til påske. Rabbinarane utvikla etter kvart eit omfattande ritual, seder, det tyder orden, som kunne gjennomførast i kvar einskild heim overalt i verda. Det er dette ritualet som, med lokale variasjonar, enno vert gjennomført av jødar verda over.
Skyldnaden til å eta usyra brød og til å minnast hendingane i samband med flukta frå Egypt, har heile tida vorten halden ved like.

Sedermåltidet.

Den sentrale delen av påskefeiringa går føre seg i heimen, der familie og vener samlast rundt eit festleg dekka bord til påskemåltidet, sedermåltidet, den første dagen i påskehelga. Ved sedermåltidet les ein i Haggadaen. Det er ei bok som forklarar korleis sederen skal utførast, for alt går føre seg i ein bestemt orden. Historia frå 2. Mos 12-13 vert lesen/ fortald. Det vert under måltidet halde bøn om velsigning, (Kaddesh) fleire gonger, det vert vaska hender fleire gonger, (Urchatz). Det vert sunge salmar (gjerne Salme 113-118)

Dei 6 symbolske rettane, som gjerne ligg på eit spesielt sederfat er:

1. Persille (Karpas) til å dyppa i saltvatn. Til minne om forfedrane sitt slit i Egypt

2. Bitre urter/salat (Maror). Minne om liding.

3. Ekstra bitre urter, som peparrot. (Haseret). Dei minnast den bitre tida som slavar.

4. Fruktblanding, (Charoset), ei blanding av eple, vin og nøtter og kanel,  som symboliserer murblandinga, mørtelen, i Egypt, der dei bygde for egyptarane.

5. Hardkokt egg. Beitza. Symbol på sorg. Dei sørgjer over templet som vart øydelagd.

6. Kjøttbein, lam eller kylling. Zroa. Ofringa ein bar til templet.

Til måltidet høyrer også ein leik; Afikomam.

I tillegg:

-Matza, det usyra brødet; flate kjeks.
- Vin. Det høyrer med til sedermåltidet å drikka 4 glas vin. Kvart glas vert velsigna. 

Då israelittane skulle forlata Egypt, hadde dei ikkje tid til å la brødet heva, og måtte baka brøda utan at dei hadde heva seg, dei var med andre ord usyra – ikkje heva- brød. Under dei sju dagane (i Israel) eller åtte dagane (utanom Israel) som pesach varer, et jødane matza, usyra brød. Det skal ikkje finnast noko gjæra mat, kalla chametz på hebraisk, i huset og i forkant av denne høgtida vert det gjort grundig reint i heimane. Sedermåltidet er ein livleg kombinasjon av læring, diskusjon og tradisjon og måltidet kan vara mange timar.

Når jødane feirar påske er det ikkje berre til minne om ei historisk hending. Det handlar om deira eiga slekt, ja, djupast sett om deira eige liv. Når dei har lese heile forteljinga, 2.mos 12 og 13, seier dei: I kvar generasjon skal den einskilde sjå på seg sjølv som ein som personleg er fridd ut av Egypt, slik det står skrive: Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg drog ut frå Egypt (2.Mos.13,8). Det var altså ikkje berre forfedrane våre som Den Heilage forløyste frå Egypt. Nei, han forløyste også oss saman med dei.

Dette er nøkkelen til Jesu ord om nattverden. Til minne tyder ikkje berre å minnast, men å ta del. Sakramentet er ikkje berre eit minnemåltid, men det handlar om å ta del i det som hendte med Jesus i påsken i Jerusalem. Han/ho som tar del i nattverden, må seia til seg sjølv: Eg hang på krossen med Jesus da han døydde. Hans død var min død. (2. Kor. 5:14).

Orda om at ein kvar jøde skulle sjå på seg sjølv seg som ein del i utvandringa av Egypt fekk dei gamle rabbinarane til å bryta ut i lovprising. Kristne som deler Jesu død og oppstode har ikkje mindre grunn til å ta del i den lovsongen, saman med jødane:.

Derfor vil vi takka, herleggjera, prisa, æra, lovsyngja og lova Han som har gjort alle desse under for  fedrane våre og for oss.