Av Per Gunnstein Nes


For ei tid tilbake såg eg eit TV-program om ei kvinne som hadde vore svært rik og velståande. No hadde ho forlate sitt luksusliv og gått inn i ei teneste mellom dei aller fattigaste. Det gjorde inntrykk!

Paulus skriv til dei kristne i den greske byen Korint:
For de kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de skulle verta rike ved fattigdomen hans. 2 Kor 8,9.

Også dette gjer inntrykk om vi set oss inn i kva som verkeleg skjedde.

Johannesevangeliet startar med følgjande skildring av vår frelsar:
I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han… Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, Joh 1,1ff.

Mange vil også forstå dei veldige ord om visdomen i Salomos ordtøke som ord om Jesus (han som i 1 Kor 1 er kalla Guds visdom, og som for oss har vorte visdom frå Gud).

Eg var i Herrens eige då hans veg tok til, før hans verk i fordoms tid. Frå æva har eg vorte til, frå opphavet, før jorda var… Då han bygde himmelen var eg der… då var eg hjå han som kunstnar (verksmeister), dag etter dag var eg hans hugnad, og eg fryda meg alltid for hans åsyn. Ord 8,22f.

Dette gav Jesus avkall på for å løfta oss ut av vår grenselause fattigdom og djupe nød. Han var villig til å verta sett lågare enn englane. Hebr 2,7. Han gav avkall på å vera i Guds skapnad, å vera Gud lik. Fil 2.6ff.

Han tok ein tenars skapnad på seg, då han kom og vart menneske lik. Ja, då han i si ferd var funnen som eit menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden - ja, døden på krossen.

Jeg ser deg, o Guds lam, å stå
På Sions bergetopp;
Men akk, den vei du måtte gå,
Så tung og trang der opp!
Å byrde som på deg var kast,
All verdens skam og last!
Så sank du i vår jammer ned
Så dypt som ingen vet.                          
                   Hans Adolph Brorson

Då no borna har del i kjøt og blod, fekk han òg på same vis del i det, så han ved døden skulle gjera ende på han som hadde dødens velde, det er djevelen, og utfri alle dei som i redsle for døden var i trældom heile sitt liv. Heb 2,14

Det er ein ufatteleg kjærleik Gud har vist oss menneske som har vendt oss frå han, som har krenka han i tankar, ord og gjerningar.

For knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig - endå einkvan nok kunne vera villig til å døy for ein som er god. Men Gud syner sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. Rom 5,7f

For i han, Kristus Jesus, har de vorte rike på alt, skriv Paulus i 1 Kor 1,5. Det er noko av dette Sigvard Engeset så fint set ord på i ein song:

Å, kor rik eg er, eg har Jesus!
Eg for Gud er kjær gjennom Jesus.
Eg har Gud til far,
himmelarv eg har.
Å, kor rik eg er!

Og dei neste versa innleiar han slik:
Å, kor trygg eg er, eg har Jesus!
Å, kor rein eg er, eg har Jesus!
Å, kor glad eg er, eg har Jesus!