Av Mons Teigland
Et dikt til morsdag 14. februar.
Så trygt og godt i heimen det var
Me fekk ha både mor og far!
Mor tok seg av oss alle utan parti.
Me minnest den tida som no er forbi.
Det banka varmt i hjarta til mor.
Ho hadde ein kjærleik mektig og stor.
Når me var såra i hjarta og sinn,
var det best å koma til mor der inn.
Kor godt å kome inn til hennar barm
og kjenna den omsorg – god og varm!
Den trøysta som der me fekk,
den like inn til barnehjarta gjekk.
Mange minner strøymer no fram.
Å skrive den ned – knapt nokon kan,
Men kom lat oss æra og takka mor!
Kven hadde som mor ein hjartefamn stor?
Mor hadde også ei anna kjær sut:
- måtte borna våre bli verande hjå Gud!
Det var hennar bøn og virke her.
Mor hadde oss borna og far så kjær.