Ingen bok er meg så kjær, som min moders bibel er,

hennar tårer, hennar merker går ei ut.

han er sliten, gammel no,

men eg minnast vel kor ho

tok meg varmt på fanget sitt og bad til Gud.

Kor:

Gamle bok, kjære bok,

du meg minner om det dyre soningsblod.

Meire kjær fra år til år

blir du med kvar helst eg går

på den tronge veg som opp til himlen når.

 

 

Som ein god og stødig stav Gud i mor si han den gav,  

til eit våpen i dei harde, tunge år.  

Han er sliten, tårevåt, dogga titt fra hennar gråt -

Han har lært meg om min Frelsars blod og sår.

 

Trøysta frå den gamle bok alltid varmt om hjarta tok,

jaga hjarteverk og sjeleangsten bort.

Ja, den heldt i mørkast stund. Den gjev trøyst i dødens blund.

Den skal halda når eg står for himlens port.

 

Å, kor vel eg minnest mor. Ho meg lærte livsens Ord.

Bad meg leva som ein Josef for min Gud.

Mose gror på hennar grav, men den bibel ho meg gav,

er ei lykt for meg når lyset mitt går ut.