Av Helge Gunnar Byrkjeland

Me er i adventstida. Advent tyder kome, og det er Jesu kome det er snakk om. Mange hundre år før Jesus vart fødd, profeterte Jesaja:
”For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans skulder, og han skal kallast med namnet Under, Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.” Jes 9,6.

Fleire stader i GT står det om han som skulle koma, dei kalla han gjerne for Messias. Danielsboka har så mange detaljer om ting som skal henda, at mange trur at boka er skriven mange hundre år tidlegare enn det som faktisk er tilfelle. Ein japansk religionsforskar sa det slik at kristendommen og jødedommen har noko som ingen andre religionar har, nemleg profetiar og dokumentasjon på at dei faktisk hende. At Messias, dvs. Kristus, skulle koma, var altså ei levande von i den gammaltestamentlege tida.
Så kom Jesus, og det var i Guds time:
”Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova, for at han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så dei skulle få barnekår.” Gal 4,4-5.
Det gjeld deg og meg. Me skal få barnekår hos Gud!
Jesus kjem til oss når me høyrer Guds Ord, for Jesus er i Ordet, eller rettare Han er Ordet.
”I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.” Joh 1,1.
”Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av blod, heller ikkje av kjøts vilje, heller ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.” Joh 1,12-14.
Fordi Jesus er Ordet, så møter Han oss når me høyrer Guds Ord. Det finst fleire profetiar i Bibelen om framtidige hendingar. Den viktigaste av dei som enno står att for å verta oppfylte, er at Jesus skal koma att. Dei tinga høyrer også med til Advent.