«I dag må du bera meg, Jesus».  Dette er tittelen på eit nydeleg dikt av Annbjørg Helland Sævareid. Diktet kan du lese ved å trykke Les mer.

I dag må du bera meg, Jesus.
Eg veit ikkje kvar eg skal gå.
Men du veit om alt det som ventar
og alt det som hende i går.

 I dag må du bera meg, Jesus,
i løftene som du har gitt.
Lat Ordet ditt tala til hjarta
så eg kan få sjå det er mitt.

  I dag må du bera meg, Jesus.
Mi sjel er som vatn i meg.
Lik redde og oppskremde fuglar
flyg tankane mine sin veg.

 I dag må du bera meg, Jesus.
Min angst og mi bøn er så stor.
Lat sanninga frigjera tanken
i kraft av ditt levande Ord.

 I dag har du bore meg, Jesus.
I dag fekk eg sleppa å gå.
I handa di, Far, fekk eg kvila
frå alt det eg ikkje forstår.