av Kjell FurnesJesus i sky

 

Under bygginga av eit hus kjem du først fram til eit «råbygg» Det er grunnmuren med bygninga over, samansett av element som viser byggematerialet og som knyter konstruksjonen saman. Det var dette vi såg på i siste artikkelen om dette emnet.

 

Salomo sine menn bygde med heile steinar frå steinbrotet lagt på grunnmuren av tilhogne vel tilpassa og dyre steinar.

 

Dette gir oss sterke glimt og tankar for korleis Gud bygger si menighet på jord. Nemleg på apostel- og profetgrunnvollen (Ef.2,20) og med levande steinar, frelste syndarar, sett inn i Jesu Kristi sanne kyrkje på jord. (1. Pet.2,4 flg.) Ja, sannleg var det dyre steinar som vart grunnvollen for Guds kyrkje. Apostlane sitt blod (bortsett frå ein) var m.a. med i prisen

Tempelet byggematerialerNår då «råbygget» var ferdig kunne ein betrakte resultatet. Ei bygning, eit produkt, som forkynte noko meiningsfullt. Kva såg folket? Jau, stein var lagt til stein og det heile vart eit resultat som gav meining. Byggverket hadde ein heilskap. Her kan våre tankar gå til 2. Kor. 3,3: «De er vårt brev, innskrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske. For det ligg ope i dagen at de er Kristi brev.» Kristi brev – kjent og lese! Guds folk er det brevet som verden les. Steinane i tempelbygget stod i eit slikt forhold til kvarande at resultatet kunne «lesast». Så kjem spørsmålet: Står Guds folk i dag i eit slik forhold til kvarandre at verden kan lese brevet? Lat spørsmålet få røre ved oss.

Men Salomo var ikkje ferdig med sitt byggverk med dette. Også interiøret var nøye foreskrive av Gud. Det var inne i templet Gud hadde sagt sitt nærvær, det var her han ville openberre seg for Israel. I 1. Kong. 6,18 kan vi lese dette: «Innvendig var huset prydd med utskjreringar i sedertre – graskar og utsprotne blomar. Alt saman var sedertre, det var ikkje stein å sjå.» Sjå for deg dette! Steinveggane (Guds frelste menighet) vart tildekt av tre! Altså mellom Guds nærvær og eit Guds barn forordna Gud ei vakker trekledning.

Ein dag reiste Gud eit tre mellom seg og slekta. Eit tre vart reist på Golgata. På dette treet skjedde det at den evige Gud tok eit oppgjør med fallest resultat og på eit rettferdig grunnlag kunne han rettferdiggjere syndaren på eit rettferdig grunnlag. Han plasserte treet mellom seg og slekta. Kan du sjå konsekvensane at dette? Gud ser ikkje «gråsteinen» i deg, han ser deg i Kristus! Slik forkynne evangeliet det for oss.

Men Salomo var ikkje ferdig med innredninga med dette. I 1. Kong.21 kan vi lese: «Og Salomo kledde huset innvendig med fint gull» - «Heile huset kledde han med gull frå ende til annan.» Her forkynne ordet eit veldig sterkt budskap for oss. Du kan seie at her får du oppleve korleis Gud ser på ein synder som er i Kristus. Gud bruker forskjellige metall for å synleggjere sitt vesen og hellighet overfor mennesket. Kopper kan vi kalle domsmetallet. Brennofferalteret i tabernaklet var kledd i koppar. Ein kopperslange vart reist i øydemarka som eit bilde på Guds dom over verdens synd på korset. Sølvet er betalingsmiddelet – forløysingsmiddelet. Det var sølvpenger som vart nytta då brørne til Josef selde bror sin. Men kva då med gullet? Når Guds ord vil beskrive det reine, finaste og mest hellige så blir gullet nytta. Er det slik Gud ser på ein kristen? Ja, du som trur på Jesus høyre til gullfolket hans. Han ser berre gullet i deg. Du ber på ei gulldrakt. Det er dette sangeren forma slik: «Eg veit ei drakt, ein himmelsk prydnad Som overstrålar heimsens glans. - en drakt for brudeskaren» (bokmål)

Ein dag skal Guds byggverk fullførast. Ein dag blir siste stein lagt inn i Guds levande bygning. Ein dag skal brudeskaren presenterast for Faderen og dei legionar av englar i den himmelske verden. Guds levande bygning skal avdukast. Då Serubabels tempel vart innvigd kan vi lese slik i Sak. 4,7: «Han skal føre fram toppsteinen medan dei ropar høgt – Nåde, nåde vere med han.» På den store dagen der heime skal det lydde – Nåde, nåde. At du og eg får stå der den dagen er åleine Guds guddomlege kjærleik og hans grenselause nåde.