Av Peder AlmedalJesus p korset nrbilde

Lat ikkje hjarto dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!

Billy Graham har skreve ei heil bok om håpet for dei urolege hjertene.

Uro for store ting og uro for små ting vil så lett hefte oss.

Det følgjer ei smerte med å vere menneske. Smerte over globale forhold og smerte knytt til eigen person eller næraste sine lidingar og erfaringar eller syndige tankar, ord og gjerningar.

Men det følgjer også noko anna som er planta djupt i vårt hjerte og som gir oss uro. Våre hjerter skrik etter ein levande Gud slik hjorten skrik etter vatn.

 

peder almedalI forsamlinga av dei truande kan vi møta han. Tru på Gud, og tru på meg er oppmodinga. Mange vil vere overtydd om at det er ein Gud til, utifrå spora vi ser av han i verda. Natur, samvit, historia knytt til nasjonane og Israel talar tydeleg om ein Gud. Mange stoppar der. Men det er når vi får med oss også den siste setninga, … og tru på meg, at vi kan finne sann fred.

Hjartefred

Fred med Gud er eit viktig begrep for ein truande. Det betyr at samvittigheta og Bibelen samsvarar. Den som har fred med Gud er ikkje syndfri, men ein har avskrive vår natur. Vi reknar med ei ny rettferd og eit nytt liv i han. Jes. 53 seier at straffa vart lagt på han så vi skulle ha fred. Så er det berre å innrømme for oss alle at det er seigt å akseptere at vårt ego er tilgrisa, og mange har opp gjennom historia kjempa med det. Men freden med Gud gir harmoni i livet og har konsekvensar også for dei vi lever saman med.

Fred tross uro

Det går an å eige ein falsk fred utan Gud. Du har ein ny sjanse i dag når du høyrer dette ordet. Bruk den sjansen du får til å ta imot Jesus og få fred med Gud. Freden er dyrt kjøpt. Det kom ein som var venn med både menneske og Gud. Ein som gjekk i mellom. Det var Jesus. Prisen for å vinne freden var hans blod.

Men det var læresveinane han oppmoda om ikkje å la hjarta uroast. Det betyr at vi som trur på Jesus også opplever uro. Guds barn har ikkje alltid ytre fred. Det storma også mot det huset som var bygd på fjell. Det er ingen stormfrie soner der vi kan leve vårt liv. Ofte må Guds barn lide fordi vi er menneske, fordi vi syndar og er ulydige mot Gud, eller for at han skal føre oss inn i eit sterkare fellesskap med seg eller lære oss tålmod.

Men der står altså Jesus og seier: Lat ikkje hjarta uroast. Eg er der. Ver ikkje redd: Eg er sterkare enn han som er i verda. Dette er ein grunn til at du kan eige fred mitt i uroa. Eg vil vere der i di uro, eg vil føre deg heim til min evige bustad i himmelen. Stol på Jesus!