Av Henny KvilhaugsvikNebbkval

 

Seier du det ofte? Det gjer eg. «Sjå der, gravemaskin!» «Sjå, svaner!» seier eg til barnebarna. Eller, «Sjå den store båten!»

Veit du kva eg såg i sjøen for nokre år sidan? Ein nebbkval!

«Sjå, der er han»!

Vi filma og tok biletet! Var her lenge.

Favorittplassen var attmed ei blåse eg såg frå kjøkkenvindauga. Låg der og duppa då eg åt frukost. Akkurat som om han sa god morgon!

Sj det menneske s. 8 bilde til liten og storI Bibelen kan vi også lese om mange som sa: «SJÅ» Du husker Johannes Døyparen? Han som døypte folk i Jordan mens dei innrømde syndene sine og fekk tilgjeving. Då Jesus kom og ville døypast, nekta Johannes først. Jesus hadde ikkje synd! Men i staden for å få tilgjeve synder, tok Jesus på seg alle syndene i heile verda! Hadde ingen, men fekk alle! Også di og mi! Dagen etter sa Johannes då Jesus kom: «Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd»(Joh.1,29)

Tre år seinare vert Jesus teken til fange. Vart forhøyrd. Dei laug, slo og piska han. Sidan Jesus sa han var konge, gjorde dei han til «liksomkonge»! Fekk purpurkappe istadenfor kongekappe. Rørstav istadenfor gullsepter. Tornekrona istadenfor gullkrona. Dei sa :«Ver helsa, du Jødekonge» - så slo dei han, i ansiktet!

Dei tok han til Pilatus, som skjøna Jesus var uskuldig. Pilatus sa: «Sjå det menneske»(Joh.19,5) Jesus stod der med tornekrona. Blødande frå mange sår. Trur du folket sa: «Slepp han fri»? Nokre dagar tidlegare hadde dei jo hylla Jesus som konge! «Sjå, kongen din kjem, sitjande på ein eselfole»(Joh.12,14) stod det i GT. Endeleg skjedde det! Folket vifta med palmegreiner og jubla for kongen. Men no, nokre få dagar seinare, ropte dei: «Krossfest, krossfest»

Der på korset døydde Jesus. Uskyldig! Straffa for syndene han bar; alle verdsens synder. Men: «Kom og sjå» sa engelen til kvinnene som kom til grava. Ho var tom, Jesus hadde stått opp! Vunne over døden!

«Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør»(Joh.op.3,8) seier Jesus. Har du gått inn gjennom den døra? Det har du, om du har sagt ja til Jesus! Om du trur på Jesus, tek imot han, skal du ein dag få koma heim til Himmelen. Der vert det mykje flott å SJÅ! Det beste vert å få SJÅ Jesus!

God påske!