Ein av dei siste dagane i januar 1905 kom Albert Lunde til hovedstaden. Sundagskvelden 12. februar heldt han det første møte i bedehuset i Hausmannsgata. Huset var nærpå fullt. Mandag auka samlingi, og tysdag var huset for lite - folk stod ute i gardsromet endå det var midt på hardaste vinteren. Den kvelden hadde forstandar Tallaksen i frikyrkja møtt fram. Han sat på ein av dei fremste benkjene med det kvite skjegget nedover bringa – skinnhua hadde han hengt på den lange staven sin. Lunde gjekk ned og spurde um han vilde opna møtet, men Tallaksen sa nei. Teksten den kvelden var ordet frå Joh 12,21: «Vi vilde gjerne se Jesus.» Etter talen kom Tallaksen upp til Lunde: «Eg kunde godt ha slutta, hadde eg visst korleis talen vilde bli.»

Kvar kveld auka folkemengdi, og berre ein liten part av folket slapp inn. So kom Lunde til å tenkja på Tivoli teater. Det kunne ein få leiga billeg, for varmeapparatet var i ustand, so ein slapp utlegg til fyring. Han gjekk til direktør Mossin, som vilde ha 60 kroner for kvar kveld. Endå kunde det bli god forteneste, meinte han, um ein f.eks. tok 25 øre i inngongspengar. Lunde svara at han tok aldri inngongspengar. Korleis kunde han då greida utgiftene, spurde direktøren. Dei som vil, får høve til å gi det dei sjølv synes når møtet er slutt, svara Lunde. So seier med 30 kroner då, sa direktøren. Lunde takka og tok straks til å få gjort salen istand etter siste fest. Alle bordi laut ut, papirlapper, appelsinskal og skitt måtte burt, og benkjar inn i staden. Han stræva med dette heile måndagen den 20. februar. Det var berre so vidt han fekk tid til å koma heim og byta klær og få mat før møtet tok til.

Lenge før dørene vart opna, stod folk i kø utanfor, og då dei langt um lenge slapp inn, fylte dei salen i ei handevending. I flokken stod det ein kjøpmann fra Telemark som var i hovedstaden på forretningsreis. Han vilde ha litt moro den siste kvelden før han fòr heim att, og hadde difor kjøpt billett til Nasjonalteatret. Då han såg den svære folkemengdi utanfor Tivoli (tvers over gata for Nasjonalteatret), spurde han kva det galdt. Det er Albert Lunde, svara ein. Kjøpmannen fekk ikkje meir greie på det, og han trudde at Albert Lunde måtte vera namnet på eit skodespel eller noko slikt. Då det endå var ei tid att til framsyningi på teatret, fylgde han med straumen inn i Tivoli og stansa like foran plattformi, der talaren skulde stå. Han såg seg um i salen. Det likna ikkje eit vanleg teaterpublikum, dei som var her. Dei var meir alvorsame, og dei fleste hadde pels, frakke eller kåpe på, for det var kaldt i romet.

Men no kom ein ung, mørkhærd mann fram på plattformi og sa at dei skulde syngja nr. 4 i Landstad, og samlingi stemte i: «Søde Jesus, vi er her på dig og ditt ord å høre.» Dette skal bli moro, tenkte kjøpmannen. Han tok det for upptakti til eit skodespel eller revy.

Men no kom mannen fram att med Bibelen i handi og las: «Men all nådes Gud, som kalte dere til sin evige herlighet i Kristus Jesus, efter en kort tids lidelse, han skal dyktiggjøre, stadfeste, styrke, grunnfeste dere.» Det gjekk kaldt etter ryggen på kjøpmannen, han syntes det var å driva moroi vel vidt.

Men so tok mannen på plattformi til å be. Då forstod kjøpmannen kor han var: på eit gudeleg møte! Han snudde seg og vilde ut, men han kunde likso godt ha prøvd å velta heile huset, folk stod pakka som sild i tunna heilt til utgangen. Han måtte pent vera der han var. Han kjender på teater-billetten som låg i lumma, og harma seg: Tenk, gå på et gudeleg møte den einaste kvelden han hadde fri i hovedstaden!

Den kjensla varte likevel ikkje lenge. Han tok til å høyra etter det talaren sa. Den unge mannen tala um Guds kall. Det var eit kall av nåde. Det kom til folk midt i syndi, det kom til dei i arbeidet, det kom i stille nattetimer, det kom til dei som stod Gud imot, og det kom so mang ein gong når ein stod ved båra til ein av sine kjære. Kva var me so kalla til? Til evig herlegdom i Kristus Jesus. Dei som fylgjde kallet, måtte nok lida, men berre ei kort tid, mens herlegdomen varer alltid. Kva vil de so velja, de som er her i kveld? Vil de velja ei kort liding med Jesus og so evig herlegdom? Ta avgjørelsen no, før de går frå møtet.

Til meir kjøpmannen høyrde, til meir gripen vart han av talen. Ordet kasta lys inn over umråde i sjeli og i tilværet som han lite hadde ansa på før. Han gjekk ut att med ein ny hug, eit nytt syn på livet.

Og han var langtfrå den einaste. På kvart møte var det mange som søkte Gud. Men Tivoli høvde ikkje til møtehus. Folk fraus, um dei var godt klædde, og salen vart sprengd alt første kvelden.

So fekk Lunde leiga misjonshuset i Calmeyergata. 23. februar heldt han det første møtet der. Huset var meir enn fullt, og søknaden auka alt fort, so det var ikkje noko sersyn at det stod lang kø minst ein time før dørene kom upp. Og når mengdi slapp til, var det svære huset fullt på få minutter. Folk stod i gangane og sat uppetter trappi til talarstolen. Kvar tenkjeleg plass var uppteken både i salen og på dei store galleri. Soleis heldt det på måned efter måned. Det var ei merkeleg tid. Ei underlig sterk stemning lå over samlingane, ei dragande makt, som ikkje var lett å riste av seg.

Ein merkte det med det same ein kom inn. Dørene vart opna minst ein time før møtet tok til, men ventetidi fall ikkje lang. Folk song, og songen steig med velde frå de tusentals munnar, so ein kunde mest tru at taket vilde lyfte seg av toneflaumen.

Men spaningi auka sterkt når den fastsette møtetidi var inne og Lunde steig fram på talarstolen. Då var det stavstillt i salen og på galleri, og alle dei 5-6000 menneske lydde etter kvart ordet. Når det leid ut i talen, høyrde ein ofte tunge sukk og såg tårer renna etter kinnet frå gamle og unge, kvinner og menn. Men sjeldan såg ein sterke kjensleutbrot, ingen hysterisk gråt eller sanselaus skrik. Høgtidsamt ålvor låg over alle.

Vekkjingi frå 1905 heldt ved til langt ut i 1906. Når det gjeld mengdi av dei som kom med, kan ein trygt seia at det er den størst vekkjing som hovedstaden har sett. Tusentals menneske kom til sann tru på Gud og fekk livet lagt upp i eit høgre plan.

(Etter Oscar Handeland: «Vårløysing»)

 

Evangelisten 1. Mars 1939