Utskrift

av Erene Solsvik Bruvik


Hanukka er ein jødisk heilagdagsperiode på 8 dagar frå den 25. Kislev
(november-desember. Sjølve namnet Hanukka tyder å vigsla.

Bakgrunn.
Den syriske kongen, Antiokus Epifanes, (215-164 f.Kr.) forbaud  all jødisk religionsutøving då han kom til makta i Judea. Jødane fekk verken praktisera matreglane sine, overhalda sabbaten eller lesa i dei heilage skriftene, dei vart tvinga til avgudsdyrking. Det vart dødsstraff for omskjering og for å overhalda sabbaten, templet vart plyndra og Antiokus Epifanes vanæra templet ved å stilla opp ein statue av guden Zevs der. Her ofra han svinekjøt og jødane vart pålagde å eta svinekjøt. Det var ikkje mogeleg for ein jøde å leva slik Gud hadde pålagt han/henne.

Dette vart for mykje for jødane. I Modiin, nordvest for Jerusalem, budde presten Mattathias og sonen hans, Juda Makkabi. Dei reiste ein liten hær som slo den mykje større greske armeen og dreiv dei ut av Jerusalem. Dei reinsa templet og kasta Zevsstatuen ut.

Oljeunderet
Då templet var blitt reinsa og skulle vigslast på ny, viste det seg at det ikkje var nok rein olje til den alltid brennande lysestaken. Dei fann berre olje for ein dags bruk, og det ville ta åtte dagar å henta ny vigsla olje. Likevel tende dei lampen, og underet skjedde. Oljen brann i åtte dagar. Derfor varer Hanukka-festen i åtte dagar. Hanukka vert feira til minne om at templet i Jerusalem vart vigsla på ny i år 164 f.Kr, til minne om underet med oljen og til minne om frigjeringa frå tyrannen Antiokus Epifanes.  Dette er ikkje heilagdagar i vanleg forstand, og sabbatsboda gjeld ikkje. Det er den einaste gamle jødiske festen som ikkje er nemnd i Tanakh (Den hebraiske bibelen).

Tenning av hanukka-lysestaken
Kvart år vert den spesielle hanukka-lysestaken tend. Staken har åtte armar og ein liten ekstra arm. Den niande lampen vert kalla tenaren, og her står det lyset som dei andre lysa vert tende med. Kvar kveld vert det tend lys til minne om oljeunderet. Den første kvelden tenner ein eitt lys, den neste kvelden to lys osb. Lysa vert tende kvar dag under festen, både i heimane og i synagogen. Samstundes vert det gjerne sagt ei kort lovprising over lysa. Når lysa er tende, vert det sunge ein song som kort fortel historia bak Hanukka og den brennande staken vert sett synleg i vindauga.

Til minne om oljeunderet.
Heile veka vert det halde gjestebod der ein et rettar som er steikte i olje. Fylte berlinerbollar er favoritten til borna og det vert seld og  baka berlinerbollar i store mengder i tida rundt Hanukka. Dei fleste borna får også ein snurrebass, ein «sveivom» som er den tradisjonelle leiken for denne tida.

Til minne om lyset, sanninga og fridomen
Hanukka er ein fest til minne om at lyset overvann mørkret, sanninga sigra over løgna og fridomen triumferte over undertrykkinga. I det moderne Israel er denne festen blitt sterkt knytt til fridomen og sjølvstende til folket. Ein fakkel vert boren frå gravstaden åt makkabearane i Modiin til ulike stader av landet for å markera heltemotet deira. I barnehagane vert det halde festar der det vert hamra og banka for å restaurera templet etter øydeleggingane til grekarane. Opphavleg var denne festen ikkje forbunde med gåver, men sidan han fell i same månaden som jula er det i mange vestlege land  blitt vanleg å gi borna gåver som ei slags motvekt til julefeiringa. Slik er det også i Noreg.

Har denne feiringa noko å seia deg og meg i dag? Absolutt!

Den kampen Juda Makkabi leia mot avjødifiseringa i landet, der det som var heilagt og reint vart kriminalisert, det ser vi fleire døme på  i Noreg og i Europa i dag.Jesus seier i Matt 5,14: «De er lyset i verda». Eg tenkjer at du og eg er det niande lyset, tenaren, som skal tenna lys i heim , i nabolag, på skule og på arbeidsplass. Vi tenner lys når vi deler Jesus med dei rundt oss, når vi står opp for det Bibelen seier, om enn myndigheitene seier noko anna.

Kanskje vi skulle bruka adventssundagane som ligg framføre oss til å tenkja gjennom kor vi kan tenna lys i adventstida? Juda Makkabi viste mot. Det kan krevjast mot av oss å vera tenarlyset som skal tenna andre i brann.