Utskrift

Av Helge Gunnar Byrkjeland

Eg får ikkje til å tru - at ei tilfeldig utvikling har greidd å få naturen så fantastisk slik me ser han omkring oss:

- Eg fattar ikkje korleis sommarfuglen av seg sjølv kan ha fått det fine fargespelet i vengene.

- Korleis kan me menneske ha vorte utrusta med slik ein fantastisk kropp.

- Eller ikkje minst, korleis har me vorte utrusta med evne til å tenkja og til kjenna glede, sorg, sinne osv..

- Eg fattar ikkje korleis ein eksplosjon for meir enn 13 milliardar år sidan skulle kunna føra oss, og alt i tilveret, til den staden me er i dag.

Ei skaparhand

Me les i 1Mos 1, 27: ”Og Gud skapte mennesket i sitt bilete...”

Eg trur det er slik. Eg trur at me har ein Gud som har skapt oss og alle ting. Eg trur at denne Gud er god, at Han vil vera ein omsorgsfull Far for oss, at Han har skapt oss i sitt bilete.

Det høyrest gjerne merkeleg ut når eg seier det slik, men eg er faktisk litt imponert over dei som trur at alt har vorte til heilt tilfeldig. Ja, dersom trua er ein prestasjon, så er det ein større prestasjon å tru at ting har kome til utan ein høgare intelligens, enn å tru at me har ein Skapar.

Mange seier likevel at dei får ikkje til å tru, og eg forstår den problemstillinga veldig godt. Me er nok mange som ynskjer å ha ei trygg tru på Ordet om Jesus, hvis det verkeleg er sant.

Slik kan me verta dregne mellom eit ynskje om at dette må vera sant, og at det er for godt til å vera sant. Me finn korkje ro eller fred i vårt indre.

Gud kjem til oss

Sidan desse problemstillingane fører til vanskelege tankar, så vel mange å skuva spørsmålet framfor seg. Dei seier gjerne: ”Dersom det finst ein Gud, så får eg vel koma til Han til slutt. Gjer eg ikkje altfor mykje gale, så må det vel gå bra med meg!” Bibelen lærer oss at det er ikkje så enkelt å koma til Gud. Det er faktisk heilt umogeleg, men me lærer ein anna viktig ting: Me skal ikkje greia å koma til Gud. Det var Han som kom til oss. Her er me heilt inne ved kjernen i kva kristendommen står for. Det er ikkje slik at Gud er så fjern, så langt borte. Menneska har sine tankar om korleis ting skulle vera, og korleis ting burde ha vore ordna, men Gud har ordna på sin måte, og du kan vera sikker; det er den beste måten.

Alle andre lærdommar og religionar har sine tankar om kva du må utføra, prestera og gjera for å oppnå det gode og fullkomne. Med andre ord: Dei har oppskrifta på ein veg frå menneske til Gud.

Men i kristendommen får me ein heilt annan bodskap: Det finst ein veg frå Gud til oss. Denne vegen er Jesus Kristus. Han sende Sonen sin til soning for syndene våre.

Joh 14,6: ”Jesus seier til han (Tomas): Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan ved meg.”

Gal 4,4-5: ”Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova, for at han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så dei skulle få barnekår.”

Me har fått retten til å vera Guds born, og Gud vil vera vår Far. Denne retten har Jesus skaffa oss. Me kan akseptera dette eller me kan avvisa det. Måtte me alle gjera det lukkelege valet i denne saka. Det gjeld Livet, det evige.