Utskrift

Av Svein Børtveit

Om nokon av dykk har hundre sauer og misser éin av dei, forlèt han ikkje då dei nittini i øydemarka og går av stad og leitar etter den som er komen bort, til han finn han? Og når han har funne sauen, legg han han på herdane sine og gleder seg.
Luk 15.1–7, Matt 18.12–14

I forteljinga om den eine sauen og dei 99, får vi vita at saueeigaren forlét dei 99 for å leita etter den eine. Dette kan jo ved første augekast, sjå fint ut. Men tenk deg no litt om. Sauene er eit bilde på menneske av ulikt slag, og bonden er Gud sjølv. Korleis trur du samtalen er mellom dei 99 når han er på leiting etter denne eine? Kanskje dei undrar seg over bonden sine prioriteringar. «Har han ikkje viktigare ting å ta seg føre enn å bruke tid på denne tullingen som ikkje kan følgja oss andre?» «Vi som oppfører oss skikkeleg og er på plass, oss bryr han seg ikkje mykje om!» «Ja, og ikkje er det sikkert han finn han, heller. Bortkasta tid!»

Så tenkjer eg på oss kristne i dag. Er vi opptekne med å leita etter den eine? Eller jobbar vi berre intenst med ‘dei 99’ som er heime? Her får vi høyra at Gud er oppteken med den som har rota seg bort, og som det har gått i stykke for. Eg trur det kan vera ein god idé at vi gjer det same.

I likninga som Jesus fortalde, står det at bonden leita «til han fann den som var bortkommen.» Det fortel oss noko om Gud. Han gir seg ikkje så lett. Han leitar, og held fram og leitar, og fortset endå ei stund til…. heilt til han finn den som har villa seg bort!

Skulle du kjenna deg som den bortkomne, så er det altså slik at Gud leitar etter deg natt og dag, til han finn deg. Han gir seg aldri! Ikkje så lenge du lever! På den eine sida, betyr det at du aldri får vera heilt i fred. Der vil alltid vera noko som minner deg om Gud, om himmelen og dei evige verdiane. Og det kan jo vera litt plagsamt. Men samtidig er det jo godt å vita at Gud bryr seg om deg, han ønskjer kontakt med deg, og vil så gjerne gi deg alt det beste, også om du har vore langt borte frå han.