Utskrift

av Erene Solsvik Bruvik

Herrens høgtider: Basunklangdagen, Den store forsoningsdagen og Lauvhyttehøgtida. 

 Eit heilt kapittel i 3- Mosebok (kap 23) er vigd høgtider som Gud har befalt det utvalde folket sitt å halda. Det står om 7 årlege festar i Bibelen: 4 på vår/sommar og tre på hausten. Vi skal her sjå på dei høgtidene som vert feira om hausten.

Basunklangdagen.

Den første høgtida om hausten som er nemnd i 3. Mos er Basunklangdagen. Jødane har ein annan kalender enn oss, og dette er den første dagen i månaden Tishri som svarar til september/oktober hos oss.

Dersom du er i Israel på denne dagen, er det svært truleg at det vil koma nokon bort til deg med eit fat med eplebåtar og ei skål med honning og seier på  hebraisk «Shana tova u´metukah»  «Ha eit godt og søtt nytt år». Basunklangdagen vert nemleg også nemnd som Rosh HaShana, dvs. hovudet for året. Dette er altså nyårsdagen i følgje den sivile kalenderen deira. Det var vanleg å blåsa i basun når ein ny månad begynte i Israel. 4. Mos 10.10 står det: I den sjuande månaden, på den første dagen i månaden, skal de halda kviledag og blåsa i trompet til påminning og ei heilag samling. Det var shofar, dvs bukkehorn, som vart brukt til dette.

Men kvifor eple duppa i honning? Jau, dette er ein skikk som vert brukt i Israel. Dei skjer eple i båtar og duppar dei i honning for å ønskja kvarandre eit godt og eit søtt nytt år. Nyårsfeiringa har også eit botspreg; Rekneskapen må gjerast opp før ein går inn i det nye året. I 2021 begynner Rosh Hashana/Basunklangdagen ved solnedgang 7. september.

 

Den store forsoningsdagen. Yom Kippur.

Den andre årlege høgtida om hausten som vert nemnd i 3. Mosebok er Yom Kippur, den store forsoningsdagen: Ein høgheilag sabbat skal han vera for deg, står det. Dette er den heilagaste og mest alvorstunge dagen i det jødiske religiøse livet. Dagen vert halden som ein bots og fastedag, der alt arbeid som ikkje er livsnaudsynt må unngåast. Forsoninggsdagen fell på den 10. Tirshi og avsluttar den ti dagar lange botsperioden som begynner med Rosh Hashana. Dagen vert markert med ei 25 timar lang faste, då det verken er lov å eta eller drikka. På Jom Kippur står angeren og ønsket om tilgjeving sentralt i bønerituala i synagogen..

For å avslutta heilagdagen bles ein i shofar. Shofaren er den siste påminninga og siste sjanse til å be om tilgjeving for året som var. I 2021 begynner Yom Kippur ved solnedgang 15. september.

 

Lauvhyttefesten, Sukkot.

Den tredje årlege høgtida i månaden Tishri som står nemnd i 3. Mosebok er Lauvhyttefesten, Sukkot. Dette er først og fremst ein minnefest som begynner den 15 Tishri. Folket skal bu i lauvhytter i sju dagar for å minnast at jødefolket budde i lauvhytter då Gud førte dei ut av Egypt. Det må ikkje gå i gløymeboka at Gud sørga for Israel under ørkenvandringa i førti år. Sukkot vert i Israel avslutta med ein heilagdag som vert kalla Forsamlingas åttande dag og Simhrat Tora, gleda over lova. Heile festperioden varar i åtte dagar (ni dagar i andre land) Det vert feira Sukkot både i synagogen og i lauvhytter som den enkelte familie byggjer i hagen sin, på taket eller på verandaen/balkongen. Ein sukka     ( eintal av sukkot) må stå under open himmel. I mange familiar er det vanleg at heile familien et måltida sine i sukkaen. Hyttene skal ha lauv på taket, men ikkje så mykje at ein ikkje kan sjå stjernene. Under  lauvhyttefesten kan ein sjå lauvhytter overalt i Israel, både i tilknyting til privathus, kafear og restaurantar. Også jødar her i Noreg lagar lauvhytter. Vi merkar tydeleg at Lauvhyttefesten er ein gledesfest og det står skrive i 3. Mos: ..og de skal vera glade for Herren dykkar Guds åsyn i sju dagar. I 2021 begynner Sukkot ved solnedgang måndag 20 september.

 

Denne høgtida var det som vart feira då Jesus på den siste, den store dagen i høgtida ropa ut: Om nokon tyrstar, så lat han koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå han skal det, som Skrifta har sagt, renna levande vatn. Under denne høgtida brukte kvitkledde prestar å henta vatn i krukker frå kjelda ved foten av tempelhøgda. Dei bar desse krukkene i prosesjon opp til tempelplassen, der vatnet vart aust ut framfor altaret. Dette gjekk føre seg i 7 dagar. Prestane song medan dei gjekk: Med fagnad  skal de ausa vatn or frelseskjeldene. Jes 12,3. Den siste dagen i høgtida stod Jesus,  (hebr. Jeshua =frelsar) fram, ikkje med vatn frå Siloadammen, men ved å visa til seg sjølv, til kjelda med det levande vatnet. Visste prestane som song om frelseskjeldene at dei song og peika på frelseskjelda Jesus? Du og eg har fått lovnad om at når vi kjem og drikk av denne frelseskjelda, så skal det renna levande vatn ut frå våre liv. Vi kan med glede ausa vatn or desse frelsekjeldene!