Utskrift

Av Audun Hjellvik.

Dei fleste som høyrer namnet får tankar, følelsar, assosiasjonar…. Men ingen menneskeskapning i denne verda har vel sett og forstått alt som hende desse timane som evangelistane refererar i bøkene sine.

Verken mørkret i mørkret, lidinga i lidinga eller sigeren i sigeren er råd å oppfatta fullt ut, før me er fullkomne og herleggjorte.

«Så seg du i vår jammer ned, så dypt som ingen vet», seier sangforfattaren.

Men dei fleste lesarar av desse linjene, har truleg forstått nok - til takksemd, gleda og tilbeding...

Eit av mange undringsobjekt på Golgata, er dei to røvarane som hang saman med Jesus. Dei vart skilde der. Så langt me forstår døydde den eine som Jesusspottar, den andre som Jesustruande. Slik gjekk dei inn i æva. Forskjellen hadde eine og åleine med synet deira på Han i midten å gjera. Det er forholdet til Jesus som avgjer alle si æva.

Det er sagt om dei tre på Golgata at den eine døydde i sine synder, den andre døydde frå sine synder og Han i midten døydde for alle sine synder. Ein kan verta overvelda av mindre….

Det måtte ha vore underleg å stått på Golgata og sett dette enorme som gjorde plassen der og då til universet sitt midtpunkt. Både himmel og jord, englar og demonar, jødar og heidningar, vener og fiendar var engasjerte!

Hovudpersonen på Golgata er Jesus. I skuggen av Han møter me to røvarar som og har tidlause og viktige lærdomar til alle falne adamittar i denne verda.

Men har du sett nummer fire?

Det er han apostelen skriv om i Dei heilage skriftene. Til dømes slik: 2Tim 2:11: «Det er eit truverdig ord. For er vi døde saman med han, skal vi òg leva saman med han.» Rom 6,6: «Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han for at syndelekamen skulle verta til inkje, så vi ikkje lenger skal vera trælar under synda»…..Rom 6,8: »Men døydde vi medKristus, då trur vi at vi òg skal leva med han.»  Gal.2,20: «Eg er krossfest med Kristus. Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever i kjøtet, det lever eg i trua på Guds Son, han som elska meg og gav seg sjølv for meg.»

Nummer fire er alle adamittiske røvarar som har teke sin tilflukt til nummer ein, Jesus Kristus! Dei vart krossfesta med Han! Slik reknar Gud!

Død er normalt forbunde med sorg og smerte. Men å sjå seg sjølv som nummer fire på Golgata er saligt. For der døyr altså ikkje berre Jesus for oss, men og som oss! Og me døydde med Han. «Finito» med døden! Kor lenge me kjem til å leva, veit ingen av oss, men at eg døydde for ca 2000 år sidan, det veit eg. Ja, eigentleg har me vel skikkeleg grunn til feiring med tanke på denne historiske og sensasjonelle dødsdagen vår.

Så syng me gjerne med Adolf Bjerkreim: «Da du for meg døde, jeg døde i deg, Og braktes med deg hen i haven. Du endte min saga, du endte min veg, Du tok meg jo med ned i graven. Det liv jeg nu lever, jeg lever i tro, På deg som fra døden og graven oppstod. Og brakte til verden den tidende god, At hver den som tror, han har livet.»

Flott å vera nummer fire på Golgata! Ferdigdøydd og ferdigdømt i den velsigna Frelsaren. Vårt gamle menneske er Gud ferdig med ein gong for alle. Då kan apostelen seia: «Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.» (Rom 8,1) Kjekt å vita når kjensler, ord, gjerningar og forsømingar ropar fordøming til oss!

Grunnlaget er dermed lagt for eit liv i fridom, nåde og signing! Døde - for å leva for Herren!                                          

All ære til Faderen, Sonen og Anden!