Utskrift

 av Leiv Nesheim

«Då mintest dei orda hans» Luk.24, 8.

Kvinnene som kom til Jesu grav første påskedags morgon, rekna ikkje med å finna ei opna og tom grav. Dei kom for å salva Jesu lekam.
Frå englemunn fekk dei høyra den sæle bodskapen: «Han er ikkje her! Kom i hug korleis han tala til dykk medan han endå var i Galilea då han sa: Menneskesonen skal gjevast i hendene på syndige menneske, verta krossfest og stå opp att den tredje dagen.» So står det: « Då mintest dei orda hans.»

Kvinnene og læresveinane med, hadde gløymt kva Jesus hadde sagt - kva som skulle skje med han. Då kvinnene fortalde læresveinane om den tomme grava, står det: «apostlane meinte dette var laust snakk, og dei trudde dei ikkje».

Me hugsar at Jesus sa klårt ifrå til Peter at han kom til å fornekta han tre gonger. Peter lova dyrt at om alle kom til å styggjast ved Jesus, skulle ikkje han gjera det. Ja, han var villig til å døy for Jesus. Peter meinte nok det han sa. Han hadde for mykje tru på eigen styrke. Dei andre læresveinane sa det same. Matt 26, 31- 35.
Me hugsar korleis det gjekk. Det gjekk slik Jesus sa. Fornektinga, fallet og nederlaget var eit faktum. So les me i Matt.26.75 « Då kom Peter ihug orda Jesus hadde sagt til han: Før hanen gjel skal du fornekta meg tre gonger». Og han gjekk ut og gret sårt.

Tenk om Peter hadde teke Jesu ord og åtvaring til seg!! Han gjorde ikkje det, og lærepengen vart beisk og hard. Lukka for Peter og dei andre var at Jesus ikkje slo handa av dei. Han møtte dei med nåde, syndsforlating og ein ny start.

Kor me liknar på læresveinane. Me gløymer so lett det Jesus har sagt, og so kjem me inn i åndeleg mørke og anfekting. No kan det vera mange grunnar til at ein kristen kjem i åndeleg mørke. Kjære lesar: Har du gløymt Jesu ord, lovnadane Jesus har gjeve oss i Ordet? Er det grunnen til at du no er i djupt mørke og tvil om ditt gudsforhold? Eg har eit råd: Gå til Ordet som forkynner kva Jesus har gjort for deg og er for deg no. Er det synd som må sannast, so sei det til Jesus. Hans blod reinsar frå all synd.

Til slutt vil eg dela med deg songen på nr. 8 i Sangboken:

Fortell det gamle budskap,
Det beste som jeg vet,
Om Jesu makt og nåde,
Om Jesu kjærlighet!


Fortell det ganske enkelt
Som til et lite barn!
For jeg er trett og såret,
Omspent av syndens garn


Fortell meg det så langsomt
At det kan trenge inn,

Det budskap om forløsning,
Dypt inn i sjel og sinn.


Fortell det riktig ofte,
Jeg glemmer lett igjen!

For morgenduggens friskhet
Ved middagstid svant hen.


Fortell det jevnt og stille,
Men legg dog alvor til.

Husk på jeg er en synder
Som Jesus frelse vil !


Når så den nye verden
Frem stiger med sin fred,

For siste gang fortell meg
Om Jesu kjærlighet.


Ynskjer alle ei god og velsigna påske!