Utskrift

Av Kjell Furnes

Det er apostelen Johannes som proklamerer dette budskapet om sin frelsar Jesus Kristus. (Åpb. 1,5) Det skjedde ca.i år 95 e.Kr. Johannes var no ca. 85 år og forvist til øya Patmos «for Guds ord og Jesus vitnemål skuld.»(v. 9) Kva hadde skjedd med denne gamle mannen? 

 Ei morgonstund samen med to kameratar var han i arbeid i fiskebåten ved Genesaretsjøen. Så står plutseleg ein person ved båten. Johannes merka seg hans varme augo og tillitsfulle blikk. Alt omkring han anda av fred. Så kjem det frå mannen: «Følg meg, så vil eg gjere dykk til menneskefiskarar.»

Det var Jesus Kristus – Guds Son, og han skulle bli Johannes sin Herre og Meister både for dette livet og den tidlause æva. Han fekk tre fantastiske år saman med Jesus. No er han ein gamal mann, den einaste attlevande av apostlane, men hadde i over 60 år fått tent sin Herre.

Johannes hadde også hatt sine nederlag. Saman med dei andre rømde også han frå Jesus i Getsemane. Men berre nokre timar seinare finn du han ved Jesu kors. Han måtte tilbake til Jesus. Her ser han sin venn og frelsar gir sitt liv for slekta si synd. Dette måtte verda få vite. Når Jesu befaling blir proklamert frå eit fjell i Galilea «Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar», så var han klar. Han var villig. Og han skulle ikkje gå åleine. «Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» Han ville tene Jesus. Når forfølgingane sette inn mot menigheten i Efesus så stod han fast i kallet, derfor vart han deportert til Patmos.

 

Det er her han forkynner dette viktige om Jesus: Det truverdige vitnet.Kva er eit vitne si oppgåve? I min ungdom var eg lagrettemann ved Frostadting Lagmannsrett. Samen med ni andre lagrette skulle eg vere med å avgjere om den sikta skulle frikjennast eller dømmast. Så vart vitna ført fram. Tenk deg då at vitnet tok til å legge seg bort i skuldspørsmålet? Kva hadde skjedd? Lagdomaren hadde stoppa vitnet. Eg er ikkje interessert i denne synsinga di. Du har eit å gjere: Legg fram det du har SETT og HØYRT. Var det det det truverdige vitnet Kristus gjorde? Joh. 8,26: «Mangt har eg å seia og døma om dykk, og det eg har HØYRT av han, det taler eg til verda». Og i vers 38: «Eg talar det eg har SETT hjå Far min».Og vers 40: «Men no vil de drepa meg, eit menneske som har sagt dykk sanninga, den eg har HØYRT hjå Gud.»

Korleis stille då det norske folk seg til dette truverdige vitnet? Han som tala alt det han hadde sett og høyrt hos faderen? Er det ikkje heller mykje slikt du høyrer: Budskapet må tilpassast ei ny tid. Mennesketanken forandra seg, det som var rett før, er ikkje rett i dag.

Nei, vi må gjere Bibelen meir aktuell for ei ny tid. Kjenner du tonen? Det er berre det at slik er ikkje Gud! «Eg Herren har ikkje forandra meg» (Mal. 3,6) Og det truverdige vitnet har ikkje forandra seg: «Skrifta kan ikkje gjerast ugyldig.»(Joh. 10,35) «De fær vilt fordi det ikkje kjenner Skriftene, og heller ikkje Guds kraft. (Matt. 22,29) Står vi fast på dette? Står vi ved sida av det truverdige vitnet Kristus? Jesus identifiserte seg med Skrifta. Han var Ordet frå Guds munn. Derfor er eit angrep på Guds Ord også eit angrep på Jesus Kristus.

Jesus Kristus, det truverdige vitnet, står midt i tida, i tida sin malstraum. Han er som klippen midt i fossestryket der kva ein vassdråpe må forbi. Alle må forbi han, anten til himmelen eller til helvete.

For han skal kvart kne bøye seg. Lukkeleg er du som har bøygd kne for han som di Frelsar. Om ikkje så må på æva sin morgon bøye kne for han som din domar. Lat oss vere på lag med det truverdige vitnet, Kristus!