Jesu brud inkl. korsav Peder Almedal

 

«For eg går bort for å gjere i stand ein stad åt dykk!» Joh 14,2

 

Eit av dei sentrale bodskap i den kristne trua handlar om himmelhåpet. Ein dag skal alt bli så mykje betre. Ja, fullkome. Bodskapet om ein utgong av livet som fører den truande til det herlegaste av alle land, til evig glede, evig fred og der synd, smerte, tårer og død er borte.

 

Forlova

Jødiske bryllupsskikkar fortel oss at brudgomen tok initiativet. Han forhandla med far til den unge jenta om prisen for å få henne til brud. Når brudgomen hadde betalt prisen, var pakta etablert. Med visse rituale skulle ho vise at ho godtok dette, og frå då var bruda erklært som oppteken.

 

I eit anna flott bilde ser vi at det blir sendt ein tenar. Abraham sender sin tenar for å finne brud til Isak. Slik har også Gud Fader sendt ut Den Heilage Ande for å vinne ei brud for Guds son. Den som lar seg overbevise av Guds Ande blir trulova med Kristus.

 

Når ekteskapskontrakta var underskreven drog brudgommen sin veg med desse orda: ”Eg går bort for å gjere i stand ein stad”.

 

peder almedalVi som trur på Jesus er eit folk som høyrer Kristus til. Om litt kjem dagen då han vil hente dei truande heim til Himmelen. Når brudgommen sin far har inspisert bryllupskammeret og funne dette klart, då gir han klarsignal til brudgommen, som set kursen mot bruda sin heim for å hente henne. For ein dag! For ei glede!

Heimlandet

Bibelen talar ofte om himmelen. Den fortel at Guds bustad er der, at englane bur der. Vidare at han skal hente alle som trur på han dit. Der Guds vilje alltid skjer. Der er alltid sol, der er gullgater, jaspismurar, livets elv, krystallhavet og livets tre. Der er det bare godt. Det blir ei useieleg og evig glede for Guds folk, frelsesgleda her på jord er ein forsmak på himmelen. Der blir det samfunn med Gud. Der skal vi treffe dei andre som trudde på Jesus. Himmelen tar aldri slutt. I ein song blir det sagt: ”Men det beste av alt i Guds himmel, er at Jesus min Frelser er der”. Alt dette herlege med himmelen som vi har høyrt rykte om, gjer at den kristne lengtar til Himlen.

Det som kom derfrå fortel om kor vakkert det er. Vognene som henta Elias var å samanlikne med elden. Englar kom ned med skinande kvite klede og så skinande andlet at menneska måtte dekke augene sine for dei. Ingen som bleikjer klede har på jorda kunne få det så kvitt. Moses og Elias kom på Tabor og dei tre disiplane var heilt overvelda. Openberringsboka fortel om ein stad av gull og juveler. Kvar port er ei perle. Murane er laga av juveler. Portane står åpne alltid, så murane er kun for å gjere det vakkert. Det kan seiast mykje om kor flott det er i himlen. Esekiel brukar uttrykket: Det herlegaste av alle land.

Vert du med?

Søster Annie Skou Berntsen var ei av dei som levde nær himmelen. Det blir fortalt om henne at kort tid før ho døde, ga ho følgjande helsing til sin gode sjåfør gjennom mange år: ”Og så skal det bli lysere lenger framme, vet du”. Ja, ryktet om himlen gir grunn til forventning.

Også du er invitert til å bli med!